Møt Impact Challenge 2019/20 Vinner: STEG APP

 
Stine Faugstad er gründeren bak den nye Turappen “STEG”.

Stine Faugstad er gründeren bak den nye Turappen “STEG”.

 

Ideen til STEG kom på veg ned frå Turnerhytta i 2019. Stine hadde betennelse i skuldera og var blitt sjukemeldt. Ein av tinga som fekk smertene til å avta og hjernen i balanse var å gå turar i fjellet. Ein dag slo det henne plutselig at ho var ikkje aleine om å gå tur på dagtid, og var heller ikkje den einaste som gjekk einsam. Ho tenkte for seg sjølv at det hadde jo vore kjekkare å gått saman med nokon, men terskelen var stor for å invitere andre med. Ho var jo sjukemeldt, og alle andre ho kjente var jo på jobb...kven skulle ho ta kontakt med? Ho kom i snakk med andre ho traff ute og det viste seg at også dei gjerne kunne tenkje seg å gå i lag med nokon andre, men fleire hadde samme sperrer som henne, og mange opplevde at det krevde for mykje planlegging og reising for å delta på arrangerte turar i regi av organsasjonar og lag. Ei dame spurte om ho hadde ei løysing som ville gjere at ho enklare kunne gå saman med nokon i nærmiljøet? Det hadde ho ikkje då - men ho lova å sjekke det ut.  Slik var dei fyrste tankane som no har forma seg til det som teamet jobbar for å utvikla til STEG APP - ein enklare måte å avtale og gå tur saman med andre i nærområdet. 

Hvorfor valgte du å bli med på Impact Challenge programmet?

Fordi konseptet og HUB`en sine verdier stemmer veldig bra med mine - og så var det gode høve for å tilegne seg kunnskap om entreprenørskap og ikkje minst nettverksbygging.

Hva har vært de største utfordringene du har møtt i prosessen fra idé til realisering?

Me held framleis på med realisering - og det er enno ei stund til me har eit produkt som kan lanseres til bruk. Til no har me hatt utfordringar i alt frå fråfall av team medlemmer, mangel på motivasjon, uklare målsettingar og kjensla av å stå utan eit kart som skal ta oss til målet.. Det fine er at me lærer noko nytt for kvar ny problemstilling og me har godtatt at vegen blir til mens me går. Så lenge prosessen er positiv og me får så mykje god tilbakemelding på at dette er noko mange ynskjer seg står me på vidare for å gjere det enklare å innfri 150 minutter med aktivitet i veka saman med nokon andre i nærområdet.

Hvordan hjalp Impact Challenge deg til å identifisere dine utfordringer og komme videre?

På flere nivå, men om eg skal ta fram ein særskild ting vil eg trekke fram  mentorordninga der eg fekk mykje verdifull input og sparring med ein dyktig person som hadde relevant erfaring for prosjektet. 

Hva likte du best med programmet?

Interessante foredrag med utfordrande oppgåver som ein aldri hadde trudd ein skulle kaste seg uti, samholdet mellom deltakarane og mentorordninga.

Hva har du oppnådd til nå, og hvordan opplever du at andre har mottatt din startup?

Startupen er framleis under radaren ettersom me enno er i startfasen og bygger prosjektet steg for seg - i eit tempo som samanfattar med teamet sine livssituasjoner med familie og primær jobb.

Vil du anbefale andre å delta i Impact Challenge programmet? Hvis ja, hvorfor?

Ja, men med forbehold i forhold til å velge å bli gründer. Programmet gir ein unik mulighet til å lære mykje om entreprenørskap og kan gi deg stor personleg utvikling om du slepp det til. Entreprenørskap er spanande, utfordrande og lærerikt -MEN det er også (som eg har lært av dei som verkeleg er fulltidsentreprenørar) ein meget krevande livstil der få lukkast. Så om ein undervegs merkar at entreprenørskoen ikkje satt akkurat slik du hadde forventa er det veldig vanleg og heilt greit!

Silje Grastveit